På kumlokk i Trondheim kan ein sjå Trondheim byvåpen.
Les og sjå meir ...
På kumlokk i Trondheim kan ein sjå Trondheim byvåpen. Byvåpenet er fyrste gong kjent frå eit segl frå hyllingsbrevet av Håkon VI Magnusson som norsk konge, utferdiga i Båhus len 17. juli 1344. Eit koparstikk av dette seglet vart publisert saman med ein artikkel om det i Danske Magasin på midten av 1700-talet. Både på voksseglet og på koparstikket ser ein til venstre ein biskop til venstre, som er vendt mot ein konge til høgre, og under dei begge står folket. Både biskop og konge peikar lett oppover med peikefingeren, som er ein gest som viser at dei hentar si makt frå Gud. Biskopen held ein hyrdestav, som viser at han er åndeleg leiar for menneskeflokken. Kongen held ei vekt, som viser at det er han som dømer dei som ikkje let seg leia og farer vill. Kongen står i ei opning som er noko høgare enn den biskopen står i. Det ert understreka av at kongen står bak ein karm som òg er noko høgare enn den biskopen står bak. Dette viser at kongen står over biskopen i makt. Dette er heilt i tråd med den ideologien ein finn i Kongsspegelen, som er eit danningsverk skrive for kornpretendentar omlag 1260. Men i Trondheim byvåpen, slik det er gjeve igjen på kumlokk og andre stadar i dag, har ein oversett denne subtile maktsymbolikken, og jamstelt biskop og konge. Men det var dei ikkje, sett frå verdsleg hald, i mellomalderen.
Stein frå kvelven i Nidarosdomen.
Tidlegare pilgrimsprest Arne Bakken merka seg denne sluttstein av eit av dei mange kvelingane i Nidarosdomen som ein biletleggjering av Samle 85 i Bilelen, der fire søstre er omtalt.
Les og sjå meir ...
I Landslova av 1274 står det i IV-18:
Finnazt ok nog dœme til þerss at þeir hafa lotet harðar hemdir af guði er van dœmt hafa en þo hinir harðare er of dœmt hafa ok þui skal domen hueruítna til hins bætra fœra at þeir vita iam vist hvartveggia þui at all miot er mundangs hof. en þui miorra sem er þa ero þeir þui sælle er suo fa hœft þeirra .íííí. systra hofe sem j ollum rettom domom eigu at uera suo at guði likar en monum hœfer. En þat er Miskunn ok Sannynddi Retvisi ok Friðsemi Miskunn a at varazt at eigi kome grimd eða hæipt j doma Sannynddi a at gœyma at eigi verði lygi fram boren Rettvisi a at varazt at eigi verði með rangyndum hallat rettom dome Friðsemi a at varðueita þar til er rettr domr fællr a at eigi verði með reiði akafr afellis domr alagðr.
Det finst òg nok eksempel på at Gud har hemna seg hardt fordi dei har dømt for mildt, og endå hardare på dei som har dømt for strengt. Difor skal dommarane velja det som er best for domfelte om begge delar står fram som like rett, for det er svært vanskeleg å finne middelvegen. Men dess vanskelegare det er, dess lukkelegare er dei som får gjort til lags dei fire søstrene, som skal vera med i alle rette domar som Gud likar, og som høver for menneska. Det er Miskunn, Sanning, Rettvise og Fredsemd. Miskunn skal passe på så ikkje vreide og fiendskap kjem i domen. Sanning skal sjå til at det ikkje blir bore fram løgn. Rettvise skal passe på at domen ikkje blir omskipla av urett. Fredsemd skal passa på at ikkje altfor harde domar blir felte i vreide før rett dom blir avsagd.
Desse fire søstrene møter ein i Salme 85 i Bibelen, der det heiter:
”Godleik og sanning
skal møte kvarandre,
rettferd og fred
kyssa kvarandre.
Opphavet til IV-18 i Landslova er å finna i Kongsspegelen frå ca. 1260, som eg reknar som innleiings på lovgjevingsprosjektet 1267-1281. Kongsspegelen meiner eg igjen var inspirert av Especulo, som innleia det kastiljanske lovgjevingsprosjektet mellom 1255 og 1265.
I Kongsspegelen vert historia om Guds fire døtrer fortalt som ein del av opplæringa av kongsemne og andre framtidige styringsbidragsytarar. Poenget er at ein skal tenkja seg nøye om før ein dømer i ei rettssak. Sjølve historia er allmenn europeisk, og finst i eit utal av variasjon. Men det er bare i Noreg den er nytta i ein juridisk samanheng.
Historia om Guds fire døtrer er henta frå ein jødisk tradisjon, og tatt inn i ein Europeisk kontekst gjennom Bernard of Clairvaux, som brukte den i sine preiker i kloster St. Victor utanfor Paris. Her vart mange nordmenn utdanna frå 1100-talet og framover. Men historia slik den er gjeven igjen i Kongsspegelen og Landslova er ein versjon brukt i ei preike av Petrus Comestor ved same klosteret, og den versjonen er ikkje nytta i særleg grad andre stadar i Europa.
I den norske versjonen meiner eg at Guds fire døtre samsvarar med dei fire kardinaldygdene, og at Miskunn, Sannynddi, Retvisi og Friðsemi er ei omsetjing av Fortitudo, Prudentia, Justitia, Temperantia. Det er i så fall òg ei kopling som er spesiell for den norske konteksten.
IV-18 i Landslova er ikkje ein lovregel som fordelar rettar og plikter. I staden er det ein regel om korleis ein skal døma i alle saker. Difor heiter det òg på slutten av regelen at den skal lesast opp for alle dommarane før dei treff ei avgjerd i alvorlege saker.
I Stavanger domkirke finn ein den einaste biletgjeringa av kong Magnus IV Lagabøter.
Sjå meir på vår youtube video.