Ei samlande lov for Noreg
Omsetjing og arkivering av manuskript
|
«I 2024 er det 750 år sidan kong Magnus IV Lagabøters Landslova vart gjeven. Landslova er eit storkverk ikkje bare i norsk, men i europeisk rettshistorie. Likevel er den ganske ukjent og ustudert. Landslovsprosjektet 2014-2024 ønskjer gjennom forsking og formidling visa fram korleis Landslova av 1274 endra norsk rett og samfunn, og la fundamentet for den statsdanning som Noreg framleis kviler på.»
|
Om prosjektet Landslovprosjektet er leia av Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Det juridiske fakultet, UiB.
Prosjektet er finansiert av Fossekallen forvaltning AS og fakultetet, og har både institusjonelt og fagleg mange samarbeidspartnarar.
Prosjektet strekker seg over 10 år og deles opp i to deler:
Fyrste delen av prosjektet fram mot 2018 er via arbeid med dei mange manuskripta av Landslova for å reda grunnen for forsking.
Andre periode er frå 2018 til 2023, som er kjernepreioden for forsking på landslova.
I 2024 skal Landslovsprosjektet avsluttast med ei stor utstilling i Bergen, og med utgjevinga av ei praktutgåva av Landslova.
|